Skrevet i:

Mitt Europa

Eit Europa der vi riv ned dei felles institusjonane og bygger gjerder mellom grensene, er ikkje lenger mitt Europa.

© by http://JordiBernabeuFarrús(CC)

Av Emil André Erstad, rådgjevar for internasjonale spørsmål i Tankesmien Agenda. Innlegget vil også publiseres i AgendaMagasin. 

Vi kan krangle om norsk EU-medlemskap til vi blir blå i trynet, eller vi kan ha mange og lange workshops om kor dysfunksjonelt FN er. Men vi kjem aldri utanom at det fins oppgåver som må løysast på det internasjonale nivået fordi dei i sin natur er grenseoverskridande.

Jonas Gahr Støre mener norske styresmakter burde vende seg meir mot Norden, heller enn Europa. Min påstand er at han beveger politikken feil veg.

Sjølv om dei fleste av oss veit at nasjonalstatane åleine ikkje kan løyse klimakrisa, flyktningkrisa eller internasjonal tryggleik, så er det mange som slit med å ta konsekvensane av dette i praktisk politikk. Den verste flyktningkrisa sidan andre verdskrig har på nytt aktualisert dette. «Når yttergrensene bryter sammen, når Schengen-avtalen kneler og Dublin-avtalen ikke fungerer, da må enkeltlandene ta ansvar», sa Jonas Gahr Støre i januar. Hans appell var at norske styresmakter burde vende seg meir mot Norden, heller enn Europa. Min påstand er at han – og mange andre med han – beveger politikken feil veg her. Det er ikkje no tid for å vende blikket innover, men utover. For Europas del er det berre sterke, pan-europeiske institusjonar som kan redde oss ut av uføret.

Alle gode krefter må slå ring om institusjonane som står felles i Europa, OSSE, Europarådet, Den europeiske menneskerettsdomstolen og fleire andre. Vi må ikkje falle for freistnaden om å rive dei ned for å bygge høgare murar mellom landa.

Sjølv om dei fleste av oss veit at nasjonalstatane åleine ikkje kan løyse klimakrisa, flyktningkrisa eller internasjonal tryggleik, så er det mange som slit med å ta konsekvensane av dette i praktisk politikk.

Angrep på europeiske institusjonar

La meg ta nokre eksempel som viser korleis europeiske institusjonar dei siste åra har vore utsett for mange angrep frå ulike hald, og korleis det bidreg til å undergrave heile det europeiske prosjektet.

«Eg har ikkje bedt om instruksjonar frå advokatar i Brussel om å gje folk i fengsel stemmerett», sa David Cameron på toryane sitt landsmøte i Birmingham hausten 2014. NRK skildra applausen frå salen som «øredøvende». I programmet vedtok det konservative partiet at Storbritannia ville kome til å kutte banda til Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) viss ikkje Strasbourg ville gje britane rett til å ta eigne avgjersler. Vedtaket kom som ein reaksjon på at Europarådet hadde kritisert britane for å nekte stemmerett til menneske som sit i fengsel.

Det er nok den aukande nasjonalismen som er det største trugsmålet mot europeisk stabilitet i dag. Vi ser ein nasjonalisme som har fått høgare omdreiing og at etnisitet vert brukt hyppigare i politikken, både mellom land og i enkeltland. Vi ser at politikarar og rørsler brukar etnisitet til å marginalisere grupper. Vi ser korleis minoritetsgrupper opplever trakassering og diskriminering i mange land. Russarar har i lang tid, også lenge før Russland si annektering av Krim, følt seg diskriminert og neglisjert av ukrainske styresmakter. Ungarar kjenner seg diskriminert i Romania. Albanarar har det på same måte i Makedonia. Situasjonen blir berre verre når politikarar som den ungarske statsministeren Victor Orban nører oppunder spenningane, slik han gjorde på eit møte med ungarske diplomatar for ei veke sidan. Der sa Orban at «etniske ungarske politikarar  i Romania er utsett for ein kampanje for å underminere dei og det er forsøk på å ekskludere leiarar frå den ungarske, etniske minoriteten i Romania».

Cameron, Orban og mange andre ser ut til å ha levd så mange tiår i eit Europa i fred og fordragelegheit at dei har gløymt sjølve grunntanken bak europeiske institusjonar som menneskerettsdomstolen i Strasbourg: Domstolen skulle for eksempel spele rolle som vaktbikkje mot brot på menneskerettane i dei gamle kommuniststatane. Den skulle vere eit vern mot fleirtalsdiktaturet.

Om det europeiske samarbeidet må vere tilnærma perfekt for at vi skal ta del er det eit galt premiss.

Vi veit at europeiske land framleis bryt grunnleggande menneskerettar meir eller mindre dagleg. I Ungarn og Polen ser vi at dei høgrepopulistiske styresmaktene stramar grepet om den frie pressa. I Ungarn vart ein redaktør avsett etter å ha publisert ei påstått historie om at statsministerens stabssjef hadde misbrukt offentlege pengar. I Polen signerte den nyvalde regjeringa ei lov som gir dei moglegheit til å peike ut redaktørar og leiarar for offentlege TV- og radiostasjonar. Russland vart dømd av EMD for å returnere syriske flyktningar til Syria. Seinast førre veke vart deportasjon av ytterlegare tre syrarar frå Russland til Syria stansa etter ei rettsavgjerd i EMD.

Korleis kan vi som eit europeisk fellesskap forvente oss at Putin, Orban eller Duda skal rette seg etter ei dom gjort av EMD viss ikkje ein gong David Cameron gjer det? Det einaste svaret bør vere å slå ring rundt Europadomstolen og andre overnasjonale institusjonar som kan beskytte minoritetar og europearar mot fleirtalsdiktatur og autoritær utvikling.

Tanken om det perfekte

Ja, EU er på mange måtar dysfunksjonelt. Ja, Schengen-samarbeidet kneler i møte med flyktningkrisa. Ja, Dublin-samarbeidet fungerer ikkje slik det var tenkt. Men er det einaste alternativet verkeleg at alle skal snøre igjen grensegjerdene sine? Premissen er i så fall at det europeiske samarbeidet må vere tilnærma perfekt for at vi skal vere ein del av det. Det er eit galt premiss.

Alternativet til det europeiske samarbeidet bør ikkje nokon ein gong tørre å tenke på.

Det er lang veg frå Viktor Orban til Jonas Gahr Støre. Den eine er nasjonalist i sin natur, medan den andre er internasjonalist. Derfor er det nettopp i denne tida politikarar som Jonas Gahr Støre og andre her heime burde stå opp for den opphavlege ideen om eit Europa som var bunde saman gjennom avtalar og institusjonar som gjorde det umogleg å gå til krig mot kvarandre. Europeisk samarbeid blir aldri perfekt, men det er det beste vi har å lene oss på i turbulente tider.

Alternativet til det europeiske samarbeidet bør ikkje nokon ein gong tørre å tenke på.

Skrevet av Emil André Erstad

Emil André Erstad er rådgjevar for internasjonale spørsmål i Tankesmien Agenda.

1 posts

Retningslinjer for kommentarer

Kjære kommentarfeltbruker! Vi ønsker dine argumenter og meninger velkommen. Vær saklig og vis omtanke, mange leser det du skriver. Gjør debatten til en bedre opplevelse for både andre og deg selv. Vennligst gjør deg kjent med våre regler.

Redaktørteamet Tja.eu