Skrevet i:

Sveinung Rotevatn – en «en som ikke stemte i ’94-politiker»

Sveinung er en uttalt europeer i Norge. Her er hans syn på Norge og EU.

© by Venstre

I Stortingsstafetten inviterer Tja til EU Stortingsrepresentanter til å reflektere rundt sitt forhold til EU og dagsaktuelle saker på den europeiske politiske agendaen. Først ut er Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant for Venstre fra Sogn og Fjordane. Han sitter i Arbeids-og sosialkomiteen, og er også med i Stortingets delegasjon for relasjoner med Europaparlamentet.

Tja til EU spør: Hva legger du i det å være europeer? Utfordrer migrasjonskrisen og terrorangrepet i Paris din ide om europeisk identitet?

Å vere europear vil seie å ha djupe historiske røter frå tusenår gamle sivilisasjonar. Det vil seie å ha verdiane frå opplysningstida i ryggmargen – demokrati, likskap, fridom, rettsstat. Og det vil seie å ha kollektive erfaringar frå det siste hundreåret om kva fryktelege krigshandlingar nasjonar og menneske er i stand til å setje i gang, i mangel av fredeleg, mellomnasjonalt samarbeid. Verken migrasjonskrisa eller terroråtaka i Paris, som det for øvrig er heilt avgjerande å skilje frå kvarandre, utfordrar min ide om europeisk identitet. Men det vil vere ein tragedie dersom følgjane skal bli at vi kompromissar på viktige verdiar som asylretten, personvernet og dei opne samfunna vi har bygd opp.

Verken migrasjonskrisa eller terroråtaka i Paris, som det for øvrig er heilt avgjerande å skilje frå kvarandre, utfordrar min ide om europeisk identitet.

Tja til EU spør: Hvordan tror du det europeiske samarbeidet vil utvikle seg om Brexit blir en realitet? Hva betyr et EU uten Storbritannia for Norge?

Det vil diverre bli eit mindre liberalt EU. Storbritannia har, saman med dei nordiske landa og baltikum, tradisjon for å stå saman om ein relativt liberal politikk internt i EU. Dessutan er Storbritannia svært viktig som medlem i eit tryggingsperspektiv, gjennom si rolle som viktig global aktør og miliærmakt. For Noreg vil ikkje Brexit ha nokon fordelar overhovudet, slik eg kan sjå det. Men så trur eg då heller ikkje at det blir resultatet.

Tja til EU spør: All makt i denne sal…er EØS-avtalen problematisk for norsk selvråderett?

EØS-avtalen har blitt omtalt som ei konstitusjonell katastrofe. Det meiner eg framleis er ei presis skildring, og diverre meir og meir. Noreg er med på det som kan krype og gå av EU-lovgjeving, men deltek verken på møte, val eller voteringar. Kva anna kan ein kalle det enn udemokratisk? For min del meiner eg det er betre å ha ei hand på rattet enn å ligge i koma i bagasjerommet. Sjølv om ein får sysle med sin eigen landbrukspolitikk der inne.

For min del meiner eg det er betre å ha ei hand på rattet enn å ligge i koma i bagasjerommet. Sjølv om ein får sysle med sin eigen landbrukspolitikk der inne.

Tja til EU spør: Hvilken europeisk politiker ville du helst gått på bar med – og hva hadde dere drukket?

Om ein skulle fått noko nyttig ut av det, måtte eg svart Angela Merkel. Men dersom eg berre skal ha det artig, trur eg kanskje eg vil svare Nigel Farage. Han ser ut som han kan drikke. Når det gjeld val av drikke er eg glad i både øl og whisky. Sist eg var i Brussel, hadde dei ein bacon-vodka på menyen på bistroen eg var på. Så den måtte eg jo prøve. Eg kunne godt spandert ein på Nigel også! For gudande skal vite at den ikkje var verdt å betale for.

(Nigel Farage er Europaparlamentariker for britiske UKIP – United Kingdom Independence Party, som jobber for at Storbritannia skal trekke seg ut av EU. Han er kjent for høylytte og kontroversielle meninger – Google ahead!)

 

Retningslinjer for kommentarer

Kjære kommentarfeltbruker! Vi ønsker dine argumenter og meninger velkommen. Vær saklig og vis omtanke, mange leser det du skriver. Gjør debatten til en bedre opplevelse for både andre og deg selv. Vennligst gjør deg kjent med våre regler.

Redaktørteamet Tja.eu